lørdag, juni 11, 2005

Buddha-statue, munkar og JM

Det vert stadig tydelegare at den stakkars buddha-statua framfor klokketårnet, som i følgje dom i retten i Trincomalee skal fjernast innan 15 juni, berre er eit symbol på andre og større ting (Orsak Buddha, for å antyda at du ikkje er stor). Fyrst og fremst er det ein maktkamp mellom dei to partane i konflikten, men meir og meir også om striden om Joint Mechanism (JM) - om korvidt tigrane skal delta i fordeling av hjelpa som kjem inn etter tsunamien. Trinco by er framleis stappfull av soldatar, og ingen trur at det vert noka løysing innan den magiske datoen, og alle ventar ny uro! I Kandy sveltestreikar ein munk mot JM, og sikkert også mot fjerning av statua, og skal vera i ein kritisk tilstand. I Colombo vart munkar som demonstrerte mot presidenten sitt hus stoppa med vannkanoner og tåregass. Og JVP, marxistane som sit i regjeringsposisjon saman med presidenten sitt parti, har sagt dei dreg seg ut om ikkje presidenten seier nei til JM seinast 15 juni. Når eg i tillegg kan nemna at horoskopet for Trincomalee by seier at 15 juni 2005 kjem til verta ein dårleg dag for byen, er det nok lett å forstå at me sit i små grupper og planlegg styrkte tryggleiksordningar. Eg for min del er i tillegg oppteken av at vegane ut av Trinco ikkje blir blokkerte, slik at eg kan nå flyet til Bergen på fredag. Sambuaren er klok, har alt reist og landar i Bergen om få timar. Heldiggrisen.

Ingen kommentarer: