Ei ny bylgje har naadd Trincomalee; denne gongen daud fisk. I heile havnebassenget driv det tjukke lag med daud fisk, tonnevis av fisk, strendene mellom marine-basen via ferjeleiet og langs Indre Havnegate er dekka med rotnande fisk. Ekkelt er det! Lukten er heller ikkje god for aa seia det slik.
Ingen veit kvifor fisken doer. Alle er redde det er paa grunn av giftutslepp, men mange meiner det er mangel paa oksygen i vatnet, eller fordi saltinnhaldet i vatnet minkar grunna regnet. Det regnar nemleg MYKJE for tida. Ryktet om Trincomalee som feriestad er uansett betydeleg svekka for tida....
I slike stunder er lukt viktigare enn mandat, og no sit eg med hundre bytter, eigentleg oyremerkt for intern-flyktningar, som skal utleverast til frivillege som vil hjelpa med aa samla saman fisk. Men framleis har ingen kome for aa henta byttene, og eg er redd for at dugnadsaanda er svakare enn fiskelukta.
5 kommentarer:
Dette når snart bibelske proposjonar;
lynet slår ned, fisken døyr i hopetal.
Du har ikkje merka ei auke i grashoppetalet i tillegg?
Det er dårleg med grashopper, men mykje padder! Det var tilogmed ei stor padde i doskåla på hotellet me budde på i Dambulla på laurdag. Har bibelen noko om padder?
Men eg kan no berre fantasera om kva folk får utav dette, så overtruiske folk flest her er...
Det står heldigvis ikkje særleg mykje om padder, men froskar, derimot, er det flust av.
Elles fann eg dette når eg googla litt. Forstå det den som kan:
Det Regner skomakerdrenge - Mens der ikke er noen bevis som det regnet skomakerdrenge noensinne, disse waterspouts og tornadoes bærer små objekt for engelske mil. Disse skyene visst bære fish, frosker, flounders, gjess, and, gresshopper, mussels, crayfish, snails og jellyfish. Vil de heter zoonimbus skyer?
Det er nådelaust klipt ut frå ei side som "undersøker vitenskap fra Guds synspunkt".
Det maa staa daarleg til med spraakvitenskap fra Guds synspunkt.
Dagfinn seier forresten at det er froskar og ikkje padder me er godt forsynte med for tida. Og dessutan har han sett fleire grashopper inne i huset dei siste dagane. Sidan riddaren har eksamen i religionsvitskap, kan han tolka teikna for meg?
Legg inn en kommentar