tirsdag, november 15, 2005

Snart slutt

Om ein månad reiser me frå Trincomalee, og eg byrjar å skjøna det. Me har byrja å pakka. Det er ikkje lett å riva opp røtene, igjen. Og eg undrar: Kva har Sri Lanka, aust, gjort med meg gjennom to og eit halvt år? Eg har lært meg å nikka hovudet sidelangs, slik tamilar flest gjer når dei vil seia: jaja, neinei, kanskje det ja....Eg har lært meg å vera mindre utålmodig, og kan tilogmed sitja tre timar på møte der folk snakkar nesten berre tamil eller sinhala og berre litt engelsk, utan å protestera. Eg har lært meg å køyra bil som ein innfødd (og det er jammen ikkje mykje å ta med heim til jul), det inneber konstant tuting for å seia: her kjem eg, hut deg or vegen, det betyr slalåmkøyring mellom fotgjengarar og syklistar og traktorar og tuk-tukar, og det betyr sjølvsagt køyring på venstre side. Og er har lært meg srilanka-engelsk: t.d. I will go and come. Berre at denne gongen vil eg go og ikkje come .

Kva tek eg med meg? Det klarer eg ikkje å sjå enno. Kanskje veit eg det når eg sit på Blåsenborg, har pynta juletreet og ventar på pinnakjøtet, kanskje ikkje før eg er på plass ein eller annan stad i verda for neste oppdrag.

2 kommentarer:

Jan sa...

Eg kan skjøne tvisynet på heimreise...
det har vore hyggeleg å få litegrann innsyn i dagleglivet på SriLanka!
De må ha ei god heimreise!
Og det kan jo vere me sjåast, snart litt ute i familie som me kjem til å verte...

brita sa...

Alltid hyggeleg med tilbakemelding frå ein nesten-slektning. Og ja, sidan sterkare band er i ferd med å knytast, blir det kanskje snart muleg å møtast!