onsdag, november 30, 2005

Bale

Huset er nesten tomt. Sambuaren har pakka toeler og ting, og i morgon dreg han avgarde til Colombo. Att sit eg i eit tomt hus, med tre kattar , ei seng og eit kjoeleskap. Eg smaaryddar paa kontoret, skriv hand-over-notes, og lurer paa om eg har gloymt noko. Eg har vondt i magen som om eg sit paa venterommet til tannlegen. At det skal vera saa vanskeleg aa reisa fraa folk og dyr! Men kanskje om nokre dagar klarar eg aa hugsa at den 16 desember sit eg paa flyet til Bergen. Det ser eg fram til!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Det vert kjekt å få dykk heim!
Me kom heim i går, og vart lettare sjokka over å koma frå ørken, sand og 30+ til snø og minusgrader. Stoppa i tollen vart me også, utan at det gjorde noko, lovlydige som me er.

Klikking på linken gjev eit lite innsyn i ferien!

Jan sa...

Brita: Send ein tanke til bursdagsbarnet du flyg over!
Riddar B: eg var då ikkje der? Kvifor er namnet mitt der, då? (fyrste biletet)

Anonym sa...

Du er no alltid så reisesjuk, du mammo. Men når alt er gjort kan du setja deg ned på kjøkkenet og rulla peparneter med meg og Riddar B.! Og kanskje han arabaren? Det skal bli ei god jol.

brita sa...

Gode kommentarar som roar ned sjela paa ein tidleg torsdagsmorgon mens ein UNHCR-lastebil koyrer mot Colombo med ektemann og pikkpakk. Velkomen heim riddar b, fine bilete! Jan, eg skal stroe tankeblomar fraa flyet naar eg flyg over, og bulldozr, peparneter skal bli! No gler eg meg verkeleg til aa kome til snjo og kulde!