søndag, november 06, 2005

Elefantar igjen

Thomas Rogers, britisk offiser paa attenhundretalet, var beroemt eller snarare berykta fordi han skaut meir enn 1,400 elefantar i omraadet rundt Nuwara Eliya (Hill Country). No til dags finn ein ikkje elefantar i dette omraadet. Rogers vart drept daa lynet slo ned, og folk flest meinte dette var ei straff fraa gudane for illgjerningane hans. No ligg grava hans goymd og gloymd paa ein gammal kyrkjegard bak golfklubben i Nuwara Eliya. Men to gonger har lynet ("fire from heaven") slaatt ned, treft gravsteinen hans, og delt steinen i to. Dette har eg laert paa informasjonssenteret paa Horton Plains, ein av nasjonalparkane i Sri Lanka som me har vitja denne helga.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Og saa slaar lynet ned i Dagfinn? Hellemann!

Anonym sa...

No er det "fire from heaven" i Fyllingsdalen!!

brita sa...

D koyrde over ei oegle paa torsdag, men det var etter at lynet slo ned. Saa eg trur at vaart lynnedslag var heilt tilfeldig og ikkje meint som straff.