fredag, februar 04, 2005

Kvardagsjordskjelv

Sist fredag var panikken laus i Trinco; folk trudde ein ny Tsunami var på veg, og heile byen visste det i løpet av ti minutt. Eg kjende også panikken i eit augneblink: kvar er D, kvar er kollegaene mine, korleis kan eg varsla dei? Kvar gjer me av oss? Vesle Rosin, son til Steven på gjestehuset, vart send heim frå skulen av lærarane, som sa han måtte springa det han kunne for ei ny bølgje var på veg. Han var så redd at han ikkje kunne snakka, og gøymde seg i kjøkenet heile ettermiddagen. Fyrst då kollega Sara fortalde (laug) at me hadde snakka med vitskapsfolk som sa at det ikkje kom noka ny bylgje, torde han å koma ut or huset.

Ryktet var faktisk skapt av eit jordskjelv utanfor Nicobar Island i Bengalbukta, men denne gongen berre 5.6 på skalaen. No sjekkar me kvar dag web-sida som melder jordskjelv. Visste de at i siste veke var det sånn ca 15-20 jordskjelv i dette området kvart døgn, alle mellom 5.0 og 5.6 på skalaen? Dei siste to dagane har det roa seg ned, og eg søv betre om nettene....

3 kommentarer:

Jan sa...

Jeg har siden nyttår tatt imot jordskjelvmeldinger (via radioamatører) og lagt på ei webside med kart over Andamanhavet/Sumatra (link på bloggen min), men nå har jeg byttet tilbake til kart over mere hjemlige områder der, og vi har ikke jordskjelv så ofte (ikke på 8-10 år nå, trur jeg, ca 15 km unna) så jeg tviler på at det kommer særlig mange jordskjelvmeldinger på det kartet.

Men hvilken webside er det du kan slå opp på?

Det er lett å skjønne at folk får paniske reaksjoner i den situasjonen.

brita sa...

Oops, denne kommentaren har eg ikkje sett foer no, og difor ikkje svara. Orsak....
No har eg lagt inn jorskjelv-sida paa bloggen, saa alle kan sjaa.
Kan eg leggja inn referanse til sida di ogsaa?

Jan sa...

Hei;
ja, eg såg den nye jordskjelv-linken din!
Kartsida mi har berre sjelden Andaman-havet framme som kart; det er mest heimlege traktar der (hensikta er meir å sjå amatørradiofolk som flyttar på seg i området) - peikar dit ville vere http://la2bba.no-ip.info:8080, men bloggen på http://hvaler.blogspot.com kan du gjerne legge peikar til! (og nå ser jo alle som vitjar denne tråden peikarane, og).
Fint å kunne følge med på smått og stort i Sri Lanka (takk til peikaren på Olaug si side!)