tirsdag, mars 29, 2005
Venting
Saa sit me her og ventar paa ein ny tsunami. Nytt jordskjelv utanfor Sumatra, 8,2 eller 8,5, ingen veit heilt sikkert. Tsunami-varsel har gaatt ut. Marinen varsla gjennom aa bruka sirenene sine, folk lyttar paa radio og er ute i gatene og fylgjer med paa kva som skjer. Det er ei merkeleg stemning, men relativt stille, ingen panikk. Sjoelv sit eg paa kontoret, har varsla alle tilsette og veit at dei er trygge. Sjoen er roleg, og det er ingen teikn paa at det kjem ei ny boelgje. Om ingenting skjer den neste timen kan me kanskje alle gaa heim og sova...
1 kommentar:
Like etter eg skreiv dette, vart det fjøre, og flo, og fjøre igjen. Dette skjedde tre gonger like etter kvarandre, nett slik det gjorde den 26 desember. Skilnaden var at denne gongen var det mykje mindre vatn, og bølgjene skolde ikkje inn over land. Mange, mange sat langs stranda og vakta sjøen heile natta, først i 3-4 tida roa folk seg og gjekk heim.
Legg inn en kommentar