torsdag, mars 17, 2005

Wellakari

"Wellakari, wellakari", ropar alle ungane, peikar og spring i ring rundt oss naar me vitjar tsunamileiren i Muthur. Min nykomne UNICEF-kollega trur det betyr "velkomen" og smiler breitt. Men han tek feil; wellakari betyr "bleikansikt" eller "kvit mann/kvinne". Etter ti minutter har ungane roa seg saapass ned at dei torer ta paa oss, og snart har eg to jentungar hangande i kvar hand. Naar eg seier at eg vil ta dei med meg i bilen attende til Trinco, breier panikken seg og vips! er dei borte mellom blaa telt.

5 kommentarer:

Anonym sa...

"Tannlausa garabikkja, tannlausa garabikkja!" ropte eg ofte då eg var liten gut.

Då eg vart litt eldre køyrde me moped rundt tyske campingbilar og kauka "Achtung, achtung; Spitfire!!" midt i svarte natta.

Det var ei herleg tid.

brita sa...

Hm. Eg visste ikkje at du var slik ein utangje! Var det far din som laerde deg slike fantestykke?

Anonym sa...

Då eg var liten og sprang naken og lukkeleg omkring i hagen lurte Jens meg til å ropa Achtung, achtung, Spitfire! når tyskarar gjekk forbi. Eg tenkte vel det var på linje med Kjærestepar, kjærestepar, gifta seg i eit badekar!

brita sa...

Eg er mållaus! Hadde eg verkeleg slike ungar?

brita sa...

Vonleg les ikkje turistnæringa i Ullensvang desse kommentarane. De kunne risikera ikkje å få lov å koma heim om sommaren!