fredag, mars 25, 2005

Påske???

Tidleg ein langfredagsmorgon skulle ein sitja på hytta i Viveli og smørja matpakke for turen til Sinsenkrysset, Langedalen eller Viheller. Ha sukkerbitane klare i tilfelle Reidar drosjesjåfør kjem på kaffibesøk utpå dagen. Laga rebusar og gjera klart for å gøyma påskegodtegget som alle eigentleg er for vaksne til å leita etter.

Men her sit eg. Påsken i kortversjon: 30 grader, hindufestival til ære for Kali, hartal (denne gongen sinhalesisk i protest mot sein hjelp), sveltestreik framfor klokketårnet (munken som nesten var død i går fekk besøk av ministrar frå hovudstaden og skal såleis ha gått med på å eta att), langfredag (vår hindu hushjelp har fått fri for å gå på katolsk langfredagsmesse), gresk nasjonaldag (er invitert på mottaking på SKIPET, som no avsluttar to månader som hospitalskip og set kurset mot norske fjordar med turistar), Poyadag (fullmåne, månadleg nasjonal fridag for alle uansett religion), tre-månaders markering av tsunamien (var invitert til multi-etnisk/religiøs todagars markering som starta kl.6 i dag tidleg, men valde svevnen). Elles trur folk at det kjem ein ny tsunami dag, men det trur ikkje eg - så no er det tid å tutla seg på arbeid.

God påske til alle, anten de er på fjellet, i låglandet, eller på sjøen!

4 kommentarer:

Anonym sa...

EG er i Haugesund og syng: Haraldsgaatå, Haraldsgaaatå - i frå Havnaberg te Litlasund! Fint å gåå der, fint å ståå der, fint å rusla rundt ei litå stund!

brita sa...

Dei einaste eg kan tenkja meg som syng om Haraldsgataa paa ein langfredag er filosofane vaare. Er dette bulldozer? Leitar du etter roetene dine paa Risoynaa?

Anonym sa...

Ja, det var Bulldozar og Tommy Rogers som var på tur i Haugesund. Og me hadde det travelt! 159 familiebesøk på tre dagar. Me var ikkje på Risøynå, men på Bakarøynå og såg på båten til svigerfar. Elles har me vore i Auklandsamn og sett over til Bømlo. Men no er me glade for å vera heime att!

brita sa...

Var Navle med på alle 159 familiebesøka? Eg syntes eg måtte leggja ut eit bilete av Lynx på motorsykkel, er ho ikkje fin?