søndag, mai 01, 2005

1 mai

1975 var eg student, leiar i målungdomen, rein og raud, og held 1 mai tale på Voss. På veg til toget om morgonen såg eg plakatar over heile byen som fortalde at USA var jaga ut av Saigon, og eg måtte skriva om talen min på toget til Voss. På Voss regna det sidelengs, det var bikkjekaldt, og det var eit under at folk i det heile orka å bli verande for å høyra på, slik veret var. Ein som blei verande, må ha vore ein politimann i sivil. Han skreiv seinare rapport, og fortalde at xx, kjend poet og bibliotekar på Voss i den tida, hadde lokka folk med gratis middag etter toget. Rapportøren visste kvar eg budde, kva eg studerte, kor mange som gjekk i toget, kor mange som høyrde talen min, og kor mange som tok mot tilbodet frå poeten om gratis middag. Dette har eg lest i mappa mi, som eg fekk tilsend for tre veker sidan då eg var heime i Noreg. Men han skreiv ikkje at poeten serverte fiskesup og kjempegode heimelaga karve-rundstykke. Han var nok ikkje invitert.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg og O har gått i tog i Odda i dag. Det var stas, med raude faner og Internasjonalen og gode proletarar. Me gjekk under parolen "Stopp raseringa av lokale sjukehus" (med atterhald om feil sitering). Ingen sivilsnutar var å sjå, men ein veit jo aldri. Men me såg Siv Jensen.

brita sa...

Har Siv J vorte sosialdemokrat eller sosialist????