fredag, oktober 08, 2004

Hartal i Trincomalee

I kveld skriv eg ikkje om elefantar men om hartal. Under ein hartal er kontor, butikkar, offentleg transport, skular, marknader stengde. Brenning av dekk høyrer gjerne med. Vald av og til men ikkje alltid. I dag var hartalen organisert av ein tamilsk organisajon (les tigrane?) og var ein protest mot buddistiske busetjingar og tempel, for tamilsk sjølvstyre (ISGA) og mot marinen sin "okkupasjon" av tamilsk land. Demonstrantane brende bildekk og stengde vegar. Bussar vart steina, og det har vore tillaup til open konflikt mellom sinhalesarar og tamilar. Rykta seier at ein ny hartal kan verta organisert i morgon, eller sundag, eller måndag, denne gongen av sinhalesarar. Så her sit eg, og vonar at eg har nok mat for ei langhelg utan butikkar og med marknaden stengd.

Ingen kommentarer: