søndag, september 05, 2004

Lat sundag

i Channel Lane. Det er triveleg å vera heime når ein har selskap av to hyperaktige kattungar som er høgt og lågt og alle stader, ein mammadalt-kattunge som mest vil kosa, og ei kattemor som stadig innyndar seg for å få meir mat. Dei to hyperaktige har no fått namn: Leo og Lynx. Den siste liknar på ei gaupe, derav namnet. Mammadalten heiter Lemmus, fordi han liknar på eit lemen.

Men om det er relativt fredeleg i heimen, er det meir uroleg utomhus. Ikkje så gale i Trincomalee (med unntak av nokre halvgalne munkar og andre ekstremistar som okkuperte kontoret til D i slutten av veka), men talet på politiske mord i Batticaloa og i Colombo er høgare enn nokonsinne. Folk er nervøse, og er redde for ein ny krig. Politikarane pratar om nye fredsforhandlingar, men kjem aldri over pratestadiet. I Trincomalee har tigrane sendt ut propagit-grupper i landsbyane og i flyktningleirane for å rekruttera nye kadrar. I ein av leirane rekrutterte dei tre jenter sist torsdag, den yngste 12 år og den eldste 16. Offisielt har dei slutta å rekruttera barnesoldatar, i praksis.....

Ingen kommentarer: