lørdag, november 06, 2004

Giardius Lambilus

Eg hoyrer at halve Bergen er angripen av eit lita (lambi)lus og at baade Ladegaardsgaten og Lyder Sagensgate er i faaresona (paa BT kan ein soekja etter kva gater som faar vatn fraa Svartediket). Rart, tenkjer eg - som bur i ein by utan soeppelordning, der kloakken renn open gjennom gatene, der all oppvask vert gjort i kaldt vatn, der ikkje berre kyr og laushundar men ogsaa folk gjer fraa seg alle tenkjelege og utenkjelege stader. Men faar me magesjau? Nei.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det som er litt irriterande, er at nabogata Absalon Beiers gate IKKJE står på lista. Så vi er heilt på grensa, men må likevel koke vatn, helle det på flasker og putte det i kjøleskapet.
olaug

brita sa...

Eg ville ikkje teke sjansen paa at alt var greitt om eg budde i nabogata, kanskje dei berre er gloymde av bt... Vonar berre det ikkje varer for lenge! Kommentaren min var forresten ikkje heilt sann - me vert sjuke her og, trass i koking av vatn, og filtrering attpaatil.
Brita