tirsdag, mai 18, 2004

Syttande mai og steinkasting

Det er visstnok sant at nokon kasta stein paa ambassadoerhuset i Colombo daa ambassadoeren og -doera hadde syttandemaiselskap i gaar. Endaa det stod mykje vakkert om Noreg i Colombo-avisene paa dagen. Det var tilogmed bilete av Sonja og Harald, og syttandemaihelsing fraa Dale Fabrikker. Det er nok ikkje alle som er glade i nordmenn her, tru kvifor?

I Trincomalee var det ingen som kasta stein. Me aat iskrem og drakk brus paa jobben; alle maatte hoyra ein kort tale om grunnlova. Og nokon foreslo at Stephen fraa UNHCR sitt gjestehus skulle syngja den norske nasjonalsongen, men han fekk det ikkje til. Men det var heller ingen som song nasjonalsongen for Tamil Eelam.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg såg ikkje steinkasting i Bergen. Men ei full og galen dame byrja å slå Astrid medan ho skreik: Men ka med uuuulven? Då me lo (det var vanskeleg å halda seg)sparka ho Astrid hardt på leggen og grein. Det var ein svært underleg nasjonaldag. B-dozer.

brita sa...

Sikkert meir typisk norsk enn det meste me ser i avisene om syttande mai dagen etterpaa. Men kva ho meinte med ulven er ikkje godt aa vita. Kanskje ho snakka om Os (Ulven)?

Anonym sa...

Nei, det var nok ulven på austlandet. Som ho meinte Astrid ville skyta. Eg trur ikkje denne dama var heilt frisk.