mandag, juni 14, 2004

Lydkrig

EPDP (tamilsk opposisjonsparti) auser ut tamilsk kveldsmusikk over høgtalarane sine. Vanlegvis opnar dei sendingane med politisk propaganda klokka 6 om morgonen, til stor frustrasjon for norske naboar som gjerne vil sova ein time til. Men kveldsmusikk er uvanleg, kanskje er det hemn for festen vår fredag, der folk dansa til klokka 3? EPDP har elles 24 timars politivern, ikkje grunna naboar som vil klaga på lyd, men fordi her er ei rørsle som kallar seg 'the sole representative of the Tamil people', og som har ein tradisjon med å eliminera annleis tenkjande. PLOTE er ein annan granne, også opposisjonsparti, med liknande politivern. PLOTE spelar verken musikk eller propaganda; i så måte ser det ut som Tigrane har oppnådd det dei vil.

2 kommentarer:

Anonym sa...

I Lyder Sagens finst ei vekkjerklokke som byrjar aa ula kvar kveld klokka ti. Dette held ho fram med i to timar. Eg er redd eigaren er daud. Anten daud eller paa ferie.
Bdozer

brita sa...

Eg las nyss i avisa om ein daud mann som var funnen heime i leilegheita si etter 20 aar. Kanskje du boer ringja paa og undersoekja stoda? Elles trur eg kanskje eg tykkjer meir om musikk om kvelden enn vekkjarklokker.....