onsdag, februar 28, 2007

TR 1 kallar

I felt snakkar me ikkje i mobil, men i radio. Dei innvidde veit at det fins eit eige radiospraak, med veletablerte ord og vendingar som alle (i teorien) forstaar. Og ingen har namn, men kallesignal. T (Tango) er koden for Kapoeta, forkorting for KPT (Kilo Papa Tango). Eg er Tango Romeo 1. Eg er litt misunneleg paa sjefen i Juba som har kallesignal Juliet Romeo 1, det hoyrest heilt shakespearsk ut, kva?

Romeo (R) staar for refugee, og alle som jobbar for min organisasjon har denne bokstaven i sitt kallesignal, uansett kvar i verda dei er. UNICEF brukar Charlie (C for Children), og matvareprogrammet har Foxtrot (F for food).

Over radioen, og elles, hoyrer eg at kollegane mine utviklar radiospraaket vidare. Dei seier ”eg har gaatt for Lima” (L for lunsj), ” eg er i Oskar” (O for office), eller eg er paa Hotellet (H for home). Sjoelv bur eg i Whisky Whisky (WW for Well Water).

4 kommentarer:

Jan sa...

Ekte kjeldevatn, Brita? I tukulen? flott!!
helsing frå Juliet Alfa Romeo
(jamvel på kortbølgje som Lima Alfa Two Bravo Bravo Alfa)

brita sa...

Affirmative! Kjeldevatnet er saa reint at det kan baade drikkast og brukast til aa dusja. Kald dusj er godt! Akkurat no er eg i Juba, og her er dusjvatnet glovarmt pga sola, ikkje kjekt naar ein kjem fraa jobb og ynskjer aa kjoela seg ned...

brita sa...

Affirmative! Kjeldevatnet er saa reint at det kan baade drikkast og brukast til aa dusja. Kald dusj er godt! Akkurat no er eg i Juba, og her er dusjvatnet glovarmt pga sola, ikkje kjekt naar ein kjem fraa jobb og ynskjer aa kjoela seg ned...

Jan sa...

No etterpå ser eg at eg stava vrangt. Juliet Alfa November, skal det vere.

Og det er bra med godt kjeldevatn! Det er mange som kunne ønske seg slikt vatn, skjønar me.