fredag, juni 02, 2006

Sudan igjen...

etter ei veke i Noreg med m.a. ei fantastisk kjaerleiks-ferjereise mellom Kinsarvik og Utne, som fylgde ein vakker hoegtid i heradshuset i Kinsarvik, med to lukkelege hovudpersonar og mange hoegtidsstemde gjester. Stor takk til alle som bidrog til feststunda, og til dei som gjorde det mogeleg for underskrivne aa moeta i bunad!

Skulle gjerne ha markert dette med vakre bilete, men sidan eg pakka for ein tre dagars tur til Nairobi daa eg forlot Kapoeta meir enn tre veker sidan, var ikkje kamera fyrste-valet. Det laag trygt i Sudan mens eg var i Hardanger.

Sudan er som foer, men mykje har heldigvis skjedd mens eg var borte. Vaart medisinske hjelpeprosjekt er i gang, roynd helse-personell er paa veg og me planlegg aa starta ambulerande helsearbeid i landsbyane, fraa telt i fyrste omgang. Det er kjempekjekt aa sjaa at det skjer positive ting! Og det var kjekt aa sjaa at folk var glade for aa sjaa meg tilbake i Kapoeta. Eg trur det var like foer kommisaeren gav meg ein klem...

I dag har me skrive kontrakt for aa byggja vaar eigen ’compound’ (manglar framleis eit godt norsk uttrykk), og om nokre maanader vil me ha vaare eigne kontor, husvaere, kjoeken og matsal, moeterom, og treningssal. Me planlegg tilogmed aa byggja eit lite ’fjell’, som ingenioren forebels kallar Brita-haugen. Men imens flytter me kontoret til ein tryggare stad enn der me er no. Ulempen er at me maa jobba fraa telt dei naeraste maanadene.

Det gaar det og.

2 kommentarer:

Jan sa...

Vel attende etter stor fest! Til lukke, til lukke.
Jamvel til lukke med nybygging i storbyen (utruleg � h�yre om halvmillionbyar som ein tidlegare ikkje har visst at fanst!)

brita sa...

Takk, takk! Det var stas.

Det spennande er jo at halv-millionbyen er saa spreidd at det einaste du ser naar du koyrer inn i han er ei rundkoyring markert med gamle bilbatteri, omkransa av vrak etter sundskotne tanks og lastebilar.