onsdag, juni 14, 2006

Slange i paradis

I gaar drepte me ein STOR kobra like bak telt-kontoret mitt. "Me" er kanskje overdrive, eg heldt meg paa trygg avstand mens nokre av dei lokaltilsette gjorde jobben. Det var ei brutal gjerning, fyrst mange slag med jarnstenger, saa toemde dei diesel over han. Slangen doydde liksom gradvis fraa hovudet bakover til halen. Det var trist aa sjaa. Men eg er sliten mellom behovet for tryggleik i kvardagen, og relativt positive kjensler for ein slange som burde ha sin plass her, han og.

Me saag tilsaman tre slangar denne dagen, to i kontor-leiren, ein i bu-leiren. Regnet faar dei til aa koma fram, og no har me toemt ei tunn strime med diesel rundt tukulane vaare for aa halda dei vekke.

Kapoeta=paradis? Litt overdrive, kanskje....

4 kommentarer:

Anonym sa...

Skal no verkeleg vere ein slange i paradis då ... ?

unntatt Paradis i bergen

brita sa...

Eg budde paa Paradis i Bergen ein gong og saag ingen kobraer.

Kva slags slangar har du sett der?

Anonym sa...

Eg synest det er bra at de held slangane på avstand!

Anonym sa...

ikkje sei det til nokon, men slangen på Paradis i Bergen er forkledd som ein fagorganisert norsk-lærar ...

Endå skumlare