fredag, mars 10, 2006

Eit vegkryss i Soer-Sudan

Men før eg reiste til Kapoeta, og før Dagfinn reiste heim til Noreg, var me på safari i Kenya, til nasjonalparken i Nakuru. Me såg nashorn, giraff, bøffel, ein million rosa flamingoar, gaseller, massevis av sebra og meir. Nairobi var elles litt skremande, ikkje minst etter sikkerheitsbriefinga me fekk av FN, som kunne skræma nokon kvar. Sidan reiste eg med fly til Lokichoggio like ved grensa til Sudan, overnatta i noko liknande ein tsunami-leir (med prisar som på Colombo Hilton), og deretter med bil gjennom ingenmannsland til grensa av Sudan. Mereleg nok er det Kenya-sida som er rekna som farleg; me hadde væpna eskorte til grensa. På Sudan-sida var det fredeleg og roleg; me krusa avgarde på vegar som var mykje betre enn dei eg vanlegvis brukte lans austkysten av Sri Lanka.

Likevel er Sør-Sudan som ei anna verd. Kapoeta er stort sett eit vegkryss på ei stor, flat slette. Byen hadde tidlegare mange bygningar, oppførte av britane under kolonitida. No er alt borte, berre raude haugar med knust murstein fortel at det har vore hus på sletta. Nokre få hus står att som ruinar, t.d. sjukehuset som Norwegian Church Aid ein gong rehabiliterte og utvida. Restane etter ein moské og ei kyrkje står og att. Innimellom ligg det små runde hytter som er laga av strå og kledd med leire.

Me låner førebels kontor hos ein frivillig organisasjon, plassen regjeringa har tildelt oss er rydda, men tom. Bygging av kontor og bustader for dei tilsette er ei av mange prioriterte oppgåver i vekene framover. Tiltak for å betra situasjonen for dei som vender tilbake, er endå viktigare; her manglar det meste: vatn, skular og lærarar, helsevesen er av det viktigaste.

Fleirtalet av folk som bur her høyrer til toposa-folket. Dei er kjende for å vera sterke og uavhengige. Dei helsar med handflata vend open mot meg når eg passerer dei på vegen. Kvinnene går kledde i små, korte foldeskjørt som vippar elegant når dei kjem vandrande langs vegen, oftast med ein baby på ryggen, ein i magen, og med ei stor bør på hovudet. Mennene har gjerne eit klede slengt over skuldrane, og elles ingenting. Det einaste dei ber på er vanlegvis ein gjetarstav og ein liten krakk til å sitja på.

Ingen kommentarer: