søndag, mars 09, 2008

Kvinnedagen i Kapoeta

Kvinnedagen vart feira i Kapoeta for tredje gong i soga. Det var nesten 3 timar med appellar og song, etterpaa var det lunsj, der mennene storma matbordet og kvinnene ikkje slapp til. Me maatte bruka politi for aa rydda plass slik at kvinnene fekk eta.
Nasika er noko saa sjeldent som kvinne, Toposa OG parlamentsmedlem i Khartoum. Ho snakka om likestilling paa afrikansk vis. Toposa-kvinnene klappa lenge for utsegn som " det er paa tide at mennene tek del i bygging av hus", og "send jentene paa skule, sel dei ikkje for kyr".
Bloggskrivaren med tolk held appell og snakkar om vald mot kvinner, skeiv arbeidsdeling i familien, og mangel paa kvinner i styre og stell. Det viser ikkje paa biletet paa grunn av den store megafonen, men paa t-skjorta mi staar det NYNORSKFEMINIST. Takk til Olaug!
Ein av tilhoyrarane slappa av med ei pipe. Dette er fyrste gong eg har sett ei kvinne med krakk (sjaa under kneet). Eg har tidlegare blitt fortalt at krakken er berre for menn, men kanskje kvinnene faar lov aa bruka krakk naar dei vert eldre?

Ingen kommentarer: