torsdag, mars 13, 2008

Ny vegstasjon i Torit - spenning i Kapoeta

I gaar opna me ny vegstasjon i Torit, for flyktningar som kjem fraa Uganda. Den fyrste konvoien tok heim 215 sudanesarar. Vegstasjonen er lagt til den gamle tekniske skulen, som etter dette bruket skal opprustast og snart ta mot nye studentar. Dei heimvende flyktningane roa seg ikkje lenge paa vegstasjonen, dei fleste fann i loepet av ettermiddagen heim til familiane sine. Dei hadde ikkje eingong tid til aa ta del i den rituelle slaktinga av ein okse, som vart gjeven av kommisaeren i Torit til aere for flyktningane.
Og godt var det, for 315 flyktningar som kom fraa Kenya og skulle overnatta paa vegstasjonen vaar i Kapoeta maatte sendast vidare til Torit same kveld paa grunn av uro. I loepet av 12 timar vart 8 drepne i Kapoeta, resultatet av ein konflikt som starta med krangel om vatn fraa ein broenn i byen, med sterke etniske undertonar. Ingen kunne garantera sikkerheita for flyktningane i dene situasjonen. Saaleis hadde me to konvoiar til same vegstasjon i loepet av ein ettermiddag/kveld. Det vart ei spennande natt for oss som sat att i Kapoeta, men heldigvis har ingen fleire blitt drepne det siste doegnet og me byrjar aa pusta lettare.

2 kommentarer:

Erik sa...

Det var no ein noektern kommentar til dramatiske dagar - de kan trekke pusten naar det er gaatt nokre timar utan dreping.
Vi er i Halden hos mor og far, og onsdag ventar vi fire barn, eit svigerbarn og eit barnebarn som du kjenner. God paaske

brita sa...

Forseinka god paaske! Me fekk fine bilete av hund og barn paa golvet i Soleheimsdalen! Sjoelv har eg nytt sjoemat, sol og hav langs det indiske hav saman med husbonden.

Eg innser at kommentaren min kunne vera i meste laget noektern, men etter lang tid i ulike omraade der krig og vald har dominert laerer ein seg "aa spela ned" dramatikken, vonleg ogsaa aa kunna vurdera naar det er farleg for ein sjoelv og dei ein har ansvar for....