tirsdag, mars 13, 2007

Regntid


Regntida
har starta, to månader for tidleg, og alle er fortvila. Stengde veier, byggeprosjekt stoppar opp og repatriering blir vanskeleg.

Denne dig-digen var så våt at han truleg ikkje hadde overlevd om han ikkje hadde blitt tørka og varma i kjøkenet.



Madame Thompson og son (Thompson-gasellene våre) likar heller ikkje regnet.

2 kommentarer:

oskeladden sa...

Nei men, han ser so søt ut! Har han fått eit namn?

Korleis går det med bøndene i sør-Sudan? Er det eit problem for dei at det har byrja å regna so tidleg?

brita sa...

Nei, ikkje noko namn saa langt. Har du eit framlegg?

Dyrelivet i leiren er elles variert, me hadde ein strutseunge og, men han vart eten av ein mungo sist sundag.Og saa har me ein invasjon av grashopper, i nokre dagar kosta me ut bytter av daude grashopper fraa tukulane vaare.

Boendene er nok gladare for regnet enn eg er. Og kvegeigarane. For toposastammen er kyr viktigare enn noko anna. Eg har ein teori om at kua er viktigare enn kona for ein gjennomsnitts toposa. Men min lokale kollega seier nei; ei kone kan gje mange jentebarn, som igjen betyr fleire kyr (ein betaler gjerne 60 kyr for ei god kone), og difor er kona viktigare enn kyr. Saa daa saa.