fredag, mars 30, 2007

Er menn late?

I Dagbladet i dag er ei ny bok om Afrika omtala, "Hvorfor er det saa sveart for Afrika?". Boka handlar om kvifor det går dårleg i Afrika (det er faktisk mykje som gaar bra og!). Manglande innsats fraa mennene er eit av problema forfattaren peikar paa. Han seier at nær 80 prosent av afrikanarane sør for Sahara har tilknytning til landbruket, og kvinnene står for opp mot 80 prosent av arbeidet i landbruket. Mens kvinnene jobbar opp til 18 timar i doegeret, er mannen sin innsats noksaa laber :«Det ser ut til at mange menn har benyttet seg av sin maktposisjon - og muligheten til å ha flere koner til å arbeide for seg, til å skaffe seg mer fritid enn kvinnene.»

Det er nok vanskeleg aa finna sanninga om Afrika, som er kjempedigert, og som har saa mange ulike folkeslag og kulturar. Men det slaar meg at eg hoyrde dei same synspunkta fraa mine turkana-kollegaer i Lokichoggio, Nord-Kenya, i gaar ettermiddag daa me droeste om eitt og hitt mens eg venta paa flyet til Nairobi. "Menn", sa min mannlege kollega, " altfor mange av dei startar dagen med aa gaa og sova!".

1 kommentar:

oskeladden sa...

Interessant! Eg las ein artikkel i den engelske Økonomen for nokre dagar sidan om somaliske innvandrarar i Storbritannia som sa at somaliske kvinner òg er mykje flinkare til å verta utdanna og finna jobb i Storbritannia enn menn. Kanskje det er slik i Aust-Afrika!

http://www.economist.com/world/britain/displaystory.cfm?story_id=8961789

Eg skal også ynskja deg eit godt (tamilsk) nyttår!