tirsdag, mars 20, 2007

Diplomati

I fylgje repatrieringsavtalen me arbeider etter, har alle flyktningar rett til aa reisa kvar dei vil naar dei kjem heim fraa asyllandet. Men i praksis er det ikkje saa lett. Kultur- og spraakskilje er ein realitet, framandfrykt og fordommar lever her som i andre land. Sidan i gaar har eg brukt alle min visdom og diplomatiske evner for aa fremja forstaaing for at nokre einslege kvinner med smaa barn ikkje vil foera til ny ufred og slaassing om dei kjem hit, sjoelv om dei kjem fraa ein annan stamme. I morgon kjem flyktningane, og daa vil det visa seg om synspunkta mine om aa leva saman som systrer og broer har slaatt gjennom.

I mellomtida troystar eg meg med norsk grov leverpostei, som eg har goymt i fleire maanader til eit spesiell hoeve. Eg tykkjer eg fortener leverposteien i dag, etter timelange forhandlingar med alt fraa parlamentarikarar fraa Khartoum, president-raadgjevarar fraa Juba, sikkerheitsfolk og lokale politikarar.

1 kommentar:

brita sa...

Då byhøvdingen reiste seg i møtet med Dinka-kvinnene som ville flytta til Kapoeta, slo fast at han var høvding for alle som ville bu i byen, og ynskte dei velkomne heim, visste eg at diplomatiet vårt hadde lukkast. For denne gongen.