fredag, januar 19, 2007

Gate E 10, Schiphol

I Kapoeta har visepresidenten vore på besøk, for å sjå på utviklinga i området(ikkje mykje å visa fram så langt skal eg vera ærleg). Og på jobben prøver me framleis å hjelpa folk heim. I går kom ein ny konvoi med tidlegare flyktningar frå Kenya til Kapoeta, i dag er dei på veg til landsbyane sine. Mi rolle i dette er p.t. lita/ikkje-eksisterande. Sudan har sparka meg på leggen att (eller heller: har sparka beina under meg). Eg er evakuert på grunn av malaria, lungebetennelse og bilharzia, har blitt behandla i Nairobi den siste veka, og har endeleg landa i Bergen etter ei stormfull ferd gjennom europeisk luftrom der overnatting på feltseng ved gate E 10 på Schiphol i Amsterdam må seiast å ha vore høgdepunktet. Dei neste to vekene skal eg sova, lata meg og verta frisk.

3 kommentarer:

Jan sa...

God betring, Brita.

Lungebetennelse er visst in for tida :-(

Anonym sa...

God bedring fra Bergen òg.

brita sa...

Takk for gode ynskje! Lungebetennelse er kanskje in, men det er tydeleg at legane i Noreg tykkjer bilharzia er mykje meir spennande og eksotisk, trass i at det (i fylgje internett) er meir enn 200 millionar menneske som har denne sjukdomen på verdsplan!