fredag, januar 05, 2007

Smått og sakte

Me repatrierer. 28 desember opna me den nye vegstasjonen der flyktningane overnattar før dei reiser vidare til landsbyane sine. Eit team frå partnerorganisasjonen vår er her, og tek ansvar for mat, utdeling av humanitær hjelp, og vidare transport. Det er dette me har venta på i meir enn eit halvt år, før måtte me syta for alle detaljar sjølve!

Men nytt system betyr ikkje at me er gjerandslause. Me gjev råd, syter for at einslege mindreårige og funksjonshemma vert tatt vel vare på, står for lokalkunnskapen, lagar planane for vidare transport, samordnar med styresmaktene og ikkje minst, leier konvoiane ut i landsbyane. Det siste tek normalt to dagar for kvar konvoi - vegane er ofte berre trakk, og om avstanden er ikkje er så stor går det likevel seint.

Og det er mange skjær i sjøen. T.d. at det er få flyktningar som vil heim frå Kenya! Me vel å tru at jul- og nyttårsfeiring har lagt ein dempar på vende-heim-lysta, men eg er ikkje heilt overtydd om at det er heile forklaringa. Kanskje trua på ei fredeleg utvikling i Sudan ikkje er godt røtt mellom flyktningane. Kanskje mangelen på helsevesen og skule på heimstaden gjer sitt. I mellomtida gje me så godt me kan, og er glade når me ser folk i landsbyane helsa flykningane velkomne heim.

Ingen kommentarer: