lørdag, mai 05, 2007

Geita Rose er daud

Mens det er lite nytt fraa Soer Sudan og spesielt arbeidet for aa sikra fred og utvikling, har soga om geita Rose gaatt verda over. I fjor avgjorde dei eldre i ei tradisjonell rettsak i hovudstaden Juba at ein mann som ’hadde seg’ med ei geit, maatte gifta seg med geita. Dommen sa og at mannen maatte betala ei medgift paa ca 50 dollar til eigaren av geita, og geita vart deretter gitt namnet Rose. Sudanesarar har utan tvil sans for humor.

No er Rose daud, etter sigende avdi ho aat plastikkposar fraa gata og vart kjoevd. Om ektemannen er lei seg seier soga ingenting om, han vil ikkje kommentera saka.

Soga om geita Rose har visstnok over ein million variantar paa nettet, om ein googlar henne. Snakkar me om aa vera kjendis, kan geita i Odda, som havna i arresten i fjor haust og fekk tildelt eige hovudlykt for aa kunna ta seg fram i Oddas gater, gaa heim og leggja seg i samanlikning.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Blåne har ikkje gått heim og lagt seg, men er i alle fall i vinden att.

http://www.hardanger-folkeblad.no/hfnyhende/odda/article2754702.ece

brita sa...

Det gjorde ho vel, ho la seg i barselseng!