Lat sundag i Mango Camp, frukost ilag med ein kenyansk-russisk-arabisk forretningsmann som er her for aa selja maskiner som lagar reint vatn av luft, og ferjer som kan trafikkera Nilen fraa Juba til Khartoum. Her er behovet for ferjer heller daarleg, elva renn berre nokre timar no og daa naar det regnar.
I tillegg har han fortalt oss masse om korleis me skal unngaa aa verta rundstolne paa gata i Nairobi. Kapoeta kjennes tusen gonger tryggare enn den byen!
I bushen gler me oss over smaa ting: I dag fekk eg lov aa klappa fru Thompson (ein av dei to gasellene vaare) for fyrste gong, foer har ho aldri gitt meg lov til aa ta henne paa nakken eller ryggen. Og saa har eg teke i bruk nye klesklyper, rett fraa Paris! No slepp eg aa leita etter vekkblesne plagg over heile leiren.
I morgon reiser eg med fly til Torit, der regjeringa for Aust-Ekvatoria held til, for aa moeta guvernoeren og snakka om tiltak for auka tilbakevending til staten. Saa langt er det fleire som forlet omraadet og vert flyktningar i Kenya, enn det er folk som kjem attende. Trist. Men sant.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar