onsdag, mai 03, 2006

Kyr

Eg diskuterer kyr med to av mine lokale kollegaer. "Kor mange kyr har du?" spoer eg ein. Ojdaa, slikt spoer ein ikkje om! Det er uhoefleg og i hoegste grad upassande. Kyr er rikdom, og makt. Fortel nordmenn til kven som helst kor mykje dei har paa bankkontoane sine? Ingen her vil ut med kor mykje kyr ein har, eller kor mange kyr ein maatte gje for siste kona. Det betyr ulukke aa gje fraa seg slik informasjon.

Elles blir kyr, eller geiter, slakta for aa markera viktige hendingar, og for aa sikra at gode ting hender igjen. "Om du finn ein stor klump med gull" seier kollegaen min, "maa du slakta ei geit og dela med deg, viss ikkje vil du aldri finna meir gull." (Kapoeta har faktisk mykje gull, me ser stadig folk som vaskar gull i elvane).

Men har du ikkje kyr, er det ingen som respekterer deg i Toposaland. Med visse unntak, vonar eg, elles maa eg kanskje gaa til innkjoep av ein boeling med kyr for aa bli lytta til?

1 kommentar:

Anonym sa...

Her til lands er det ikkje god tone aa spoerje om kor mange rein du har. Slik sett er det vel mykje likt over alt. Dumt at du har faatt malaria. Vonar det ikkje plagar deg for mykje.

No er det vel ikkje lenge til du er aa sjaa her heime. Vaaren har kome med rhododenron, kvitveis, groene knoppar og etter kvart ganske god temperatur. Det blir sikkert straalande vakkert til du kjem.