mandag, mai 15, 2006

Vetle verda

På veg heim frå Bergen plingar telefonen min på Voss.
"Hallo Brita, det er Luka frå Torit!" Luka er direktøren for den sudanske regjeringa sitt rehabiliteringsprogram i Ekvatoria.
"Hallo, hallo, korleis har du det?", seier eg.
Luka forklarar at han har malaria og eg klarar å mobilisera heilt ekte medkjensle, eg veit nemleg noko om malaria no.

Luka seier at han treng hjelp frå meg til å gje ei melding til FN sitt matvareprogram i Kapoeta, som han ikkje klarer å få tak i. Det kjennest absurd å stå på stasjonen på Voss og diskutera detaljproblem i Afrika, men eg innser at det vert for vanskeleg å forklara Luka at eg er på Voss og ikkje i Kapoeta.

Så no er matvareprogrammet i Kapoeta informert om at ein av lastebilane deira har køyrt av vegen 50 kilometer vest for Torit, at sjåføren er uskadd, men at maten som var på veg til flyktningar i Bor, er øydelagd.

Frå Torit i Sudan, via Voss i Noreg, til Kapoeta i Sudan.

Ingen kommentarer: