fredag, mai 12, 2006

Barske Sudan

Sudan er ikkje snill med meg. Men kvifor skulle ho? Kvifor skal eg tru at eg skal ha det betre enn andre som bur i dette landet? Etter nokre fantasiske dagar i Paris var eg attende i den sudanske røyndomen. Lange dagar, trøytt Brita. Mangel på apetitt? Biverknader av malariamedisinen, sjølvsagt. Feber? Nei,det merkar ein ikkje når det er varmt. For å gjera ei lang soge kort, her sit eg i Nairobi, medisinsk evakuert frå Sudan med tyfus, bakteriell mageinfeksjon og altfor lågt B-vitamin-nivå, det siste sikkert grunna malariaen eg hadde for nokre veker sedan. Effektiv slankemetode, men ikkje særleg kjekt. Malarialegen min (eg bør vel kanskje kalla han tropelegen min no…) seier det er ikkje farleg. Det er berre eit resultat av levevilkåra i Sudan: kort sagt dårleg hygiene overalt der ein ferdast. Eg treng berre eit halvt tonn med medisin, og ro.

4 kommentarer:

IngunnPlingunn sa...

Uffameg. Detta høyres bale ut! God betring, Brita!
Kjekt å lesa bloggen din, kan ikkje førestilla meg livet i Sudan! Spanande (sjølv om akkurat no er eg ikkje så veldig misunneleg..)! Sender masse god-betring-tankar nedover (dette sa Gunnhild-besto, og det funkar som regel) og håpar du snart slepp å drassa rundt på tonnevis med medisinar.

Ingunn.

brita sa...

Hei Ingunnplingunn,
det er ikkje sa gale at det ikkje er godt for noko! I morgon reiser eg til Bergen, og paa maandag er eg sikkert i Kinsarvik. Legen min meiner nemleg at Noreg maa vera eit veldig fint land aa verta frisk i. Saa her kjem eg!

Jan sa...

God tur til Noreg, Brita! Det er kanhende ikkje berre for helsa sin del at du reiser, denne gongen :-)
Og ferjestreikar i Noreg er nok berre barnematen mot dei daglege tilhøva i sør-Sudan

brita sa...

Det er så sant som det er sagt, viktige ting skal skje og ferjer er eit stikkord! No kryssar me fingrane og vonar at ferjestreiken ikkje vert utvida til strekninga Kinsarvik-Utne-Kvanndal!