torsdag, september 10, 2009

HUGO!

Berre sånn eit liten sidekommentar: Møtte Hugo Chavez på mandag og hadde ein liten prat (ja, slik er det å jobba i dette landet, ein minglar med presidentar og kongar, somme med større svin på skogen enn andre, t.d. når det gjeld menneskerettar. På sundag skal eg møta fire presidentar ute ved Kaspihavet, meir om det seinare). Hugo var rett så karismatisk (såpass at eg ikkje oppdaga at vår eigen president tusla bak han og også ville ha litt merksemd) og spurde kvar eg kom frå. Då eg avslørte mitt nasjonale opphav, sa han at han hadde vore i Noreg for nokre år sidan og likte seg godt. Det var jo kanskje kjekt å høyra, så eg takka og bukka. Etterpå reiste Hugo til Venezia for å delta på filmfestivalen der, difor vart det ingen presidentmiddag for meg denne kvelden. Men eg forstår jo på ein måte at han foretrakk Venezia for Ashgabat...

Ingen kommentarer: