søndag, september 06, 2009

Skulepolitikk

Paa flyplassen i gaar paa vei heim fraa Istanbul: Ei gruppe studentar paa veg attende til universitet i utlandet, denne gongen Canada. Trass i mange dokument som viste at dei var studentar i utlandet, mangla det vesentlege, nemleg godkjenning fraa utdanningsdepartementet om at dei hadde loyve til aa studera utanlands. Dette er nokre av svaert mange studentar som nyleg har vorte nekta utreise for aa halda fram med studiane sine. Mange har studert i fleire aar, og var nesten ferdige med utdanninga si. Etterkvart viste det seg at det vart gitt loyve til aa studera paa statlege universitet i utlandet, men ikkje paa private. Verst har det gaatt ut over studentane ved det amerikanske universitetet i Kirgistan. Dei vert no flytta over til eit tilsvarande universitet i Bulgaria. Grunnen til den nye politikken fraa regjeringa si side? Det maa gudane vita. Vonde tunger hevdar at dei som tener paa den nasjonale 'inntakspolitikken' ved turkmenske universitet ikkje vil at studentane skal reisa utanlands. Naar ein veit at den uoffisielle 'inngangsbilletten' til nasjonale studiar kostar fraa tjue til aatti tusen US dolklar alt etter studieplass, kan ein kanskje skjoena at det er folk som vil at studentane held seg heime. Det endelege resultatet er nok at studentane ikkje kjem heim og at den nyutdanna kompetansen blir verande i utlandet.

Meir her.

Ingen kommentarer: