tirsdag, september 15, 2009

Hærverk i heisen

Eit lite a propos om kvardagen i Ashgabat. Det er melontid og husbonden kom til å kasta ei nyinnkjøpt, tung, melon inn i speglen i heisen på veg opp til ellevte etasje der me held hus. Spør ikkje kvifor og korleis. Det skjedde, og speglen knakk. Som dei lovlydige borgarane me er, tilstod me raskt og sa me sjølvsagt skulle betala for skaden. Lettare sagt enn gjort! Speglen me kjøpte (etter mål må vita) var for stor. Firmaet kom og skar av eit stykke. Speglen var framleis for stor. Eller vaktmeisteren forstod ikkje korleis han skulle få speglen på plass. Whatever. Firmaet kom attende og skar av meir, og hjelpte vaktmesteren med å montera speglen. Speglen knakk.
På dette tidspunktet hadde det gått over ei veke, resepsjonisten var truga med politianmelding (han var på vekt då det skjedde og var difor sett som ansvarleg for uhellet). Sjølv turde eg knapt  gå gjennom respesjonen der resepsjonisten og vaktmesteren sprang etter meg og snakka russisk mens dei peikte på heisen, og eg var sjeleglad då me reiste til Istanbul for eit møte. Vel heime etter nesten ei veke var speglen framleis ikkje på plass!  

Oppvaksen i Ikea-land og vane med å  skru saman ting sjølv, meiner eg bestemt at me hadde klart å få ny spegel på plass i løpet av ein dag om me hadde ordna opp sjølve. Eller iallefall om han som stod for hærverket hadde fått sleppa til!  

1 kommentar:

brita sa...

Eg må korrigera: dette var eit hendeleg uhell, ikkje hærverk. Meininga var ikkje å mobba den uheldige melonbæraren. Orsak.