søndag, april 13, 2008

Rapport fraa no-man's-land


T-skjorta fraa fredags-vasken vaar er fraa ein av dei mange kampanjane for aa faa slutt paa kveg-raidinga. Men kveg-raiding er djupt roett i folk sitt levesett her. Det er ein maate aa visa at ein er kar, og kva stamme som er sterkast. I tillegg er kveg 'gull', meir verdifullt enn baade kone og pengar i banken. Ofte tenkjer eg at det er ikkje striden med Nord (Khartoum) som vil hindra utvikling i Soer Sudan, men striden mellom stammane, der kveg-raiding er ein viktig ingrediens.

Daa eg koyrde til Torit sist sundag, saag eg at Toposa-menn dreiv store flokkar med kveg inn i 'no-man's-land' mellom dei to stammene Boya og Toposa, 30 kilometer vest for Kapoeta. Dette omraadet har hatt regn i det siste, og er godt beiteland. Me stoppa og snakka med nokre av dei; alle hadde vaapen.

Paa tysdag angrep Boya-stammen Toposaene, ein vart drepen, nokre andre saara, og 40 kyr vart stolne. Onsdag kom hevnangrepet fraa Toposa-stammen, seks Boya skotne og drepne (nokre seier sju, det er sjeldan mogeleg aa faa sikre tal paa slikt her). Fire av bilane vaare passerte staden i denne perioden. Dei saag ingenting (og visste ikkje daa kva som hende), men fortalde meg at dei koyrde forbi ei stor gruppe med vaepna Toposa-menn som vinka og smilte til kollegane mine daa dei passerte.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Høres ikke ut som om mye har forandret seg siden 1984. Men T-skjorter med slik oppfordring hadde vi ikke den gangen. Kanskje alt hadde vært bedre om hadde hatt....
Lykke til i Turkmenistan ! Vil savne betraktningene fra Sør -Sudan.

brita sa...

Folk i Soer Sudan er som levande kampanjeplakatar med t-skjorter mot hiv/aids, og guinea-orm, for poliovaksine, og SPLM osv. Sikkert fordi dei fleste ikkje har raad til aa kjoepa seg kle!
Takk for god tilbakemelding paa det eg har skrive om Soer Sudan. Men kanskje du kan kika innom sida av og til naar ho flytter fokus til Turkmenistan? Eg reiser fraa Sudan i slutten av mai, fraa siste veke i juni er eg paa plass i Ashgabat!