mandag, november 03, 2008

Hønseføter og gulerøter...

song me i ein barnesong. På laurdag kom me oss endeleg til teppemuseet i Ashgabat. Ei hyggeleg ungjente guida oss og viste oss m.a. ein sau og fortalde at få dette dyret kom ulla. Vårulla blir brukt til å veva teppe, fordi den er sterkast og blankast. Ho fortalde og om korleis kvar provins har sitt spesielle symbol. I Balkan (som ligg ved det kaspiske hav), vev dei inn anker og bølgjer i teppa sine, i Lebap fuglehovud og i Ahal hønseføter. Symbola frå dei to andre provinsane hugsar eg ikkje.

I museet såg me verdas største handvovne teppe, 301 kvadratmeter. Det er eit typisk Teke-teppe, og har presidenten sin handvovne signatur. Nei, det var ikkje han som vov det! Det vart vove i løpet av eitt aar, av 39 kvinner og ein mann. Sidan det er uvanleg at menn vev i dette landet, ville det sjølvsagt vera interessant å vita kvifor denne mannen var involvert. Men guiden skjønte ikkje spørsmålet, så det får vera til ein annan gong.

Sidan det ikkje var lov å fotografera inne i museet, må eg nøya meg med å visa teppedetaljar frå heimen. Dette er eit hønsefot-teppe, eit Teke-teppe frå Ahal, som ligg på gjesterommet vårt. Dette er noko uvanleg i fargen, dei fleste er djupraude.

Dette må vera frå Mary, trur eg, det har eit av dei symbola eg ikkje hugsar. Men det ligg i stova vår, er kjempestort og ville truleg ha kosta ei formue i Norge. (Eg må leggja til at det høyrer til heimen og ikkje til meg...)

Turkmen-teppe er rekna mellom dei beste og vakraste i verda. Nokre av dei me såg denne helga hadde meir enn ein million knutar per kvadratmeter, og er så tette at dei kan brukast til å halda ute regn (tidlegare vart teppa brukte til å dekka jurten, ein slags teltstruktur som turkmenn tradisjonelt har budd i).

Ingen kommentarer: