tirsdag, desember 09, 2008

Internasjonal standard for nasjonalsongar

Lokale media melder at presidenten har godkjent eit framlegg om å endra nasjonalsongen. Bakgrunnen for framlegget er 'numerous requests of citizens' og 'the need to align the anthem with universally recognized international standards'.

No har eg aldri hoyrt at det fins internasjonale reglar for korleis ein nasjonalsong skal skrivast. I tilfelle slikt finst, vil eg tru den franske Marseillaisen ville ha vorte forboden, blodig som han er og sikkert ikkje i samsvar med menneskerettserklæringa. Og kva med 'Ja, vi elsker'?

BBC slepp katten ut av sekken i morgonsendingane sine: songen skal endrast gjennom at alle tilvisingar til gamlepresidenten skal fjernast. Det skal bli spennande å sjå om andre vert skrivne inn i staden.

Elles kviskrar vonde tunger at det hadde vore betre om folk hadde halde seg for augo eller øyro når songen vert framført, i staden for å leggja høgrehanda over hjarta, slik alle gjer no.

Ingen kommentarer: