fredag, august 04, 2006

Heime


For fyrste gong i soga har me meir enn fem kirsebær på treet vårt i hagen på Blåsenborg! Me har byrja med morellestein-spytting og har tenkt å stilla på neste noregsmeisterskap i juli 2007(er det lov å spytta kirsebær-stein,tru?).

Epla kjem seinare men er vakre å sjå alt no!

6 kommentarer:

Jan sa...

Det er mest så ein må ta ein Hardangertur, kjøpe moreller på kvar parkeringsplass, kanhende der er eple å få, òg.

Jan sa...

Der var morellar på kvar parkeringsplass og avkøyring mellom Tyssedal og Lofthus. Plommar òg, på nokre. Så me får sjå kva me får med oss av slikt i morgon før ferda heim over fjellet tek til.

brita sa...

Jamen, er du her? Du skulle koma og helsa på! Men kanskje det er vanskeleg? Me har hatt nokre travle dagar med tur tilSunnfjord, sykkeltur til Bø, snartur til Stavanger, og i morgon set eg kursen mot Flesland for retur til Afrika!

Anonym sa...

Heisann, jo, me er her på ein plass som heiter Helleland (Lofthus camping). Det var ikkje planlagt kva for veg me skulle reise, og heller ikkje kor langt me ville kome i dag. Men me bryt opp herifrå i morgon ikkje alt for seint, og vonar å kome heim før eit venepar kjem frå ein annan kant og skal vitje oss, så det vert ikkje tid for ein avstikkar opp i lia i Kinsarvik (og du er nok ivrig oppteken med å pakke). Men nokre fleire fruktkorgar skal me nok finne før me reiser opp i Måbødalen :-). God Afrikareise!

Jan sa...

Hei;
temaet "kirsebærsteinar" tok eg opp med ein kollega med røter i Ullensvang. Nei, dei er lettare og kan ikkje vere med i morellsteinspyttetevling.
(og det var eg som posta det anonyme)

brita sa...

Takk for opplysninga; baera er uansett surare og kanskje munnen difor vert saa snurpete av spyttekrafta vert redusert!

Neste gong de kjem til Hardanger, maa de koma paa vitjing! Eg er lei meg fordi eg ikkje skjoente at de var paa Lofthus foer det var for seint aa moetast(me reiste grytidleg onsdag morgon). Det hadde vore kjekt aa kjenna eit ansikt bak namnet!