torsdag, august 31, 2006

10873 skritt

I Sudan har me tjuvstarta HVERT-SKRITT-TELLER-kampanjen, som eg trur startar i morgon. Maalet er aa faa folk til aa gaa minst titusen skritt kvar dag, for helsa si skuld. Eg kjoepte lydig skritt-teljar paa apoteket paa Bystasjonen i Bergen foer eg reiste, og no har eg gaatt, og telt skritt, i fjorten dagar.

Eg har vore godt paa veg fleire dagar, no klokka halv seks ligg eg t.d. paa 6219 skritt, men i gaar naadde eg titusen-merket for fyrste gong! Det rare var berre at eg sat i ein stor landcruiser nesten heile dagen! Saa no lurer eg paa on skritt-teljaren tel hjulomdreiingar like godt som skritt.

7 kommentarer:

Jan sa...

Du skal sjå det er ein indikasjon på ujamnskapen på vegen :-)

brita sa...

Det er ikkje nett tre-felts motorveg med ny asfalt mellom Kapoeta og Riwoto, der me var i gaar. Saa du har kanskje rett.

Me har ikkje lov aa gaa utanfor leiren av tryggleiksomsyn, saa skritt-teljaren er uansett ei god paaminning om aa gaa saa mykje som mogeleg innom leiromraadet!

Anonym sa...

Skritt-teljaren min fortalde meg at eg hadde gått 17000 steg første dagen eg brukte han. Eg traskar rett nok mange bibliotekhyllemeter kvar dag, men sytten tusen?? Kanskje det er fordi eg har ein slik hoppande gange.

brita sa...

Kva anna kan ein venta av ein bulldozr? Landcruiser er tross alt mindre og lettare...

brita sa...

Har testa skritt-teljaren i lufta. Han tel IKKJE skritt ombord i ein liten Cessna.

Anonym sa...

Eg testa korleis skritt-teljaren ville reagera på flytting av bøker (me har snudd alfabetet på skjønnlitteratur), og han vart galen! Fleire tusen skritt berre frå g til h! Rettare sagt frå h til g.

brita sa...

Berre 2009 skritt i dag, pinleg...Men eg har site i moete saa eg tykkjer eg har ei brukeleg orsaking.