lørdag, august 26, 2006

Me repatrierer igjen

Atter er det flest unge gutar, den yngste er 13 år. Nokre vaksne reiser heim for å førebu tilhøva for resten av familien som planlegg å reisa seinare.

I flyktningleiren vert dei samla i eit transitt-område to dagar før avreise. Her får dei opplæring om miner, og dei vert sjekka av helsepersonale. Så går turen med buss til grensebyen Lokichoggio, der reisepapira vert stempla. Ingen har pass, så UNHCR skriv ut eit reisedoument der flyktningen også stadfester at han/ho reiser heim frivillig.


På grensa ventar kollegaer frå kontoret vårt, og no er det ny stempling - denne gongen av sudanesiske styresmakter - før bussen held fram til Kapoeta.

I Kapoeta vert flyktningane innkvarterte i telt. Dei får mat, og om nokon er sjuke ser legen vår etter dei. Før dei reiser vidare får dei litt meir informasjon om miner, dei får turrmat for 3 månader, nokre landbruksreiskap, såkorn og grønnsaksfrø.

Neste morgon held reisa fram, no med firehjulsdrivne landcruisarar elle pickupar, og med militær eskorte. Denne delen av repatrieringa er den vanskelegaste; dei fleste har meir bagasje enn me har rekna med, og det er eit under at me klarer å festa alle kanner og kar på bilane. Vegane er dårlege og om det regnar risikerer me å fastna i gjørma. Og når elvene fyllest av regnvatn, kjem me ikkje over (bruer er eit ukjent omgrep i min del av verda, her går vegane tvers gjennom elvefara).

Akkurat no har kollegane mine komne att frå Imehejek, der me fylgde 23 flyktningar heim i går. Turen var strabasiøs, mange gonger sette konvoien seg fast og to gonger punkterte ein av bilane. Det var såvidt dei rakk fram til overnattingsplassen før mørket kom.

No er det oppsummering og klargjering av bilane for morgondagens tur, denne gongen med 6 flyktningar til Torit.

Ingen kommentarer: