tirsdag, september 19, 2006

Kongar og dronningar

Paa veg til Torit fortel kollega Patrick om monarkiet i landsbyane i omraadet. Ein landsby kan ha baade kongar og dronningar, ofte for ulike sektorar. T.d. ei dronning for fjellet, ein konge for regn, eller for skogen. "Om eg var dronning, ville eg vera dronning for fjellet", tenkjer eg - til Patrick fortel om oppgaavene hennar. Om folk er plaga med slangar og skorpionar (som kjem fraa holer i fjellet)vert dronninga smurd inn med ei spesiell olje, vert lagt framfor hola der slangane held til. Slangane kjem daa fram og slikkar olja av kroppen til dronninga. Til sist kjem den STORE slangen, som berre viser seg ein gong i aaret, og har ei fjoer paa toppen av hovudet. Naar han er mett av olje, forsvinn alle slangane og er ikkje til plage lenger.

"Eg vil heller vera regndronning", tenkjer eg, til Patrick fortel om regnkongen i hans landsby, som vart gravlagd levande i 1978 fordi han ikkje klarte aa skaffa regn i tide for vekstsesongen.

Det er nok best aa halda fram med aa vera heilt vanleg menneske (jordkongen i Torit doydde nyss, men stillinga er alt fyllt).

Ingen kommentarer: