tirsdag, september 05, 2006

Forsoning


Sist veke organiserte Toposa-folket forsoningskonferanse. Didinga, Boya og Toposa moette for aa diskutera fred og forsoning, men det viktigaste for konferansen var aa samla dei to hovudfraksjonane innan Toposa-folket; dei som fylgde SPLA under krigen og dei som heldt med Khartoum-regjeringa.

Eg var bedd om aa helsa konferansen ved opninga, og fekk applaus - sikkert fordi eg var den einaste som heldt meg til dei tildelte 5 minutta. Dei fleste brukte baade femten og tjue minutter paa sine innlegg, og daa eg gjekk etter ein halv dag var moetet alt tre timar etter tidsplanen! Men slik er det, tid er det einaste folk her har nok av.

Paa liknande konferansar eg har vore paa, har kvinnene vore i bakgrunnen. Ikkje so her. To gonger under opninga tok dei fullstendig over moetet, dansa og song og ropte slagord. Kvinna som helste konferansen paa vegne av kvinnene, fortalde at ho tilliks med dei fleste kvinnene under krigen hadde vore heime og passa borna, mens mannen var ved fronten. Ho levde delvis av aa bryggja alkohol.

"Men no har augene mine kome ut av royken fraa alkoholproduksjonen, og no ser eg klart!" sa ho. Ho kveste augene i guvernoeren og sa: "Du Guvernoer, du snakkar om aa byggja ut undervisning saa borna kan laera aa lesa og skriva. Det er bra, men kva med meg og andre kvinner? Me vil ogsaa laera aa lesa og skriva!"

Elles melde mine informantar fraa den fire-dagar lange konferansen at diskusjonane var harde, og ikkje alle var viljuge til aa leggja bak seg usemja fraa krigstida. Men til sist vann forsoningtanken.

Ingen kommentarer: