lørdag, september 30, 2006

Nimule, Magwi

The Lord's Resistance Army (LRA) har i lang tid herja i baade Uganda og Soer Sudan, ogsaa i Magwi-fylket vest i Aust Ekvatoria. No forhandlar dei om fred med Uganda, og mens forhandlingane held fram, er militsiaen samla m.a. i Owinu Ki-bul i Magwi. I Mgawi hoyrer folk til Acholli-stammen. LRA er ogsaa Acholli, men fraa andre sida av grensa. Mens mange, mange i Magwi er drepne eller har flykta fraa landsbyane, har andre slutta seg til stamme-frendane sine. Dette gjer sjoelvsagt framtidige loysingar vanskelege.

Men folk flest er optimistiske, og mange har byrja aa venda heim. Fraa maandag til torsdag reiste eg rundt i fylket for aa vurdera korleis me kan hjelpa i tilbakevendingsprosessen. Me snakka med folk som hadde gaatt heim fraa leirar i Uganda, fraa fem til sju dagar langsetter veier og trakk. Andre kom heim med baat paa Nilen fraa Uganda til Nimule. Kirkens Noedhjelp tek mot dei paa grensa, registrerer og gjev litt hjelp foer dei reiser vidare.


Denne baaten er ikkje Kirken Noedhjelp sin, men vert brukt til aa frakta folk over Nilen.


I Nimule vert folk moett med dette skiltet.

Fraa Nimule reiste me til Magwi by, og til landsbyen Palataki der ein tidlegare misjonsstasjon held til, no heilt oydelagd. Men kyrkja, reine katedralen, stod. Folk brukar framleis kyrkja, men taket har byrja aa rasa saa det er ikkje lenger trygt.


Ein organisasjon hjelper folk i gang med jordbruk og husdyrhald. Me fann m.a. buskar med piri-piri, fekk lov aa plukka, og gler oss til knallsterk chilikrydra mat i Kapoeta i dei komande vekene.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Men kva står det på båten? "Jesus is Lord transporter"?

Anonym sa...

Du er flink å ta bilete! Er det journalistutdanninga som kjem til sin rett?

Elles trur eg det står "Jesus is lord transporters" på båten. Ikkje slik at Jesus er herretransportør, men at transportørane kallar seg "Jesus er herren". Eller hur?

brita sa...

Det der vart for innvikla for meg, på ferie i Tyrkia som eg er. Men på dei fleste bilar og båtar står det eitkvart religiøst. Det er sikkert i vona om å koma heile fram. Somme satsar på Allah, andre på Jesus. Når ein ser dei skrale båtane/bilane, er det kanskje best å lita på begge to. For min del har eg elefantguden Ganesh på veggen i tukulen min, og det har gått bra så langt!