mandag, desember 25, 2006

Juleverkstad og julegjestebod

Det blei jul likevel. Annsleis, men likevel jul.

Juleverkstad: legen brukar skalpellen for aa laga stjerne til juletreet.


Ferdigpynta juletre, kanskje ikkje det flottaste i verda men likevel eit juletre




Alle skrytte av maten og tykte det var ein gild julekveld.


I kveld, fyrste juledag, skal me ha brus og grilla geit saman med alle dei tilsette i leiren vaar. Dette er maten:

10 kommentarer:

oskeladden sa...

Eg liker juletreet. Det ser nesten tamilsk ut!
God jul og கிறிஸ்துமஸ் நல்வாழ்த்துக்கள்.

brita sa...

Eg er glad for aa hoyra det! God jul og கிறிஸ்துமஸ் நல்வாழ்த்துக்கள் til deg og familien og. Og takk for aa dela med deg vakre diktomsetjingar gjennom aaret som gjekk!

Anonym sa...

Du, ikkje raa doktoren med pappstjerna til a satsa paa ein karriere i plastisk kirurgi.

Anonym sa...

Turken (dvs kalkuna) såg finfin ut. Treet òg. Den grilla geita såg derimot litt al dente ut førebels.

Det ser ut som du har det fint, og det er kjekt å sjå.
God jol!
Og gratulerer så mykje med dagen. Eg håpar det vert ein bra dag på alle vis.

Anonym sa...

Her er forresten ei anna geit. Eg veit ikkje korleis det har gått med den i jola.

http://www.hardanger-folkeblad.no/nyheter/article2397019.ece

brita sa...

Odda-geita enda nok ikkje som grillmat, tenkjer eg! Elles har eg malaria og har det saaleis ikkje saa kjekt som eg ville ha likt paa foededagen. Ja, faktisk synes eg synd paa meg sjoelv og skulle gjerne ha nokon til aa troysta meg.....

Anonym sa...

Trøyst, trøyst :-)
Og så var det åremålsdag her om dagen; sjå ein blogg på Skoddeheimen. Til lukke, og god betring!
Og alt godt for 2007!

Jan sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Jan sa...

Nei, det var ikkje Anonym, det var eg, den med trøysta og lukkønskningane.
Jan

brita sa...

Eg vonar den andre jubilanten hadde det kjekkare paa sin dag enn meg. Naar eg les meldingar om gode og late joledagar i Noreg, med god jolemat og alt som hoyrer til, lurer eg faktisk paa kvifor eg driv med dette livet. Spesielt naar feberen kryp over 40. Takk saa mykje for troyst, det gjer godt! Og godt nytt aar!