torsdag, desember 21, 2006

Kalkun paa veg (ikkje flyktningar)

Er det noko ein laerer seg i dette spelet, er det at planar er ein ting, realitetar noko anna. I to dagar foerebudde me mottak av flyktningar i morgon og komande dagar, no er alt utsett til neste veke.

Det betyr at me kan konsentrera oss om foerebuing av jol, og eg er svaert noegd med at ei kalkun er paa veg fraa Kenya til Kapoeta, til stor glede for oss faa som skal feira jolaftan her. Sidan eg ikkje er sikker paa at vaare lokale kokkar har peiling paa korleis ein kalkun kan gjerast lekker, har me planar om aa overta kjoekenet i leiren paa sundag. Kanskje me tilogmed kan finna ein piggete busk som kan tena som joletre, og gasellen vaar, Ms Thompson, kan vera Rudolf. Nisse er det verre med....

5 kommentarer:

Anonym sa...

Du har jo "god" erfaring med kokt kalkun, ikkje sant. I mangel av nisse kan du vel stilla opp sjoelv, eller? Nisse med gule plastklogger, hm? Her hos meg ser det ut til aa bli lysegraa jul (snoeslaps).

brita sa...

Men dette er Afrika! Kan vel ikkje stilla med eple/sviske-stuffing her? Kva trur du om lime, mango, honning og cashew-neter?

(Ikkje minn me paa kokte kalkuner, det er eit svart minne fraa Makedonia, og ein av grunnane til at eg ikkje lit paa profesjonelle kokkar naar det gjeld kalkun).

Om nissen kjem i gule klogger, kjem han/ho iallefall utan slede. Ingen fare for snoeslaps i Kapoeta!

Anonym sa...

Ikkje mykje til sledefoere her heller sjoelv om ein stakkers utkledd nissefar med solbriller og spisse kvite dansesko staar rett utanfor kontorvindauget og ser ut som han held paa aa frysa seg forderva. Han proever halda varmen med aa dingla med ei bjoelle mens me innanfor held paa aa gaa fraa forstanden av belleklang. Attmed nissefar staar ein slags slede med ein gyngehestrudolf i skjaekene. I toppen av eit tre, ein raud meterhoeg plastnisse med ljos i. Kunne vore maala av Dali dette her.

brita sa...

Dette Dali-maaleriet hoyres ut som om det kan vera fraa romakommunen Shutka. Eg reknar likevel med at Anonymus ikkje held til der, men i Presevo? Spesielt sidan her ogsaa var ein referanse til plagsom lyd, rettnok bjelleklang og ikkje hundeglam denne gongen?

Anonym sa...

Kunne godt vore Shutka som du seier, men konkurransen er hard om surrealistiske juledekorasjonar. Det er'kje berre Roma som kan pynta sjoelv om ingen slaar dei. Rudolfgyngehesten ser litt soergmodig ut med ein soekkvaat gammal vaskemopp som faks, men sjoelvsagt med masse (heilaars) julelys i ein slags plastslange dandert rundtomkring julenissesleden og i treet med plastnisseassistenten. Reine skire "lysfontenen", som Ari sa om frua eingong. Albanarane vil vel markera at dei held seg til katolsk/disneysk juletradisjon sjoelv om alle som ein er muslimar. Det viktigaste er aa halda seg langt unna den ortodokse jula om eit par veker. Tippar nissen er tilbake paa nordpolen daa, om ikkje til sengs med lungebetennelse.