lørdag, november 04, 2006

Raatt og rote fraa Soer Sudan

Samstundes som eg kjenner det som om eg har ingenting aa melda, saa skjer det mangt og mykje.

Drepinga langs vegane held fram, nesten kvar dag er det eit eller to angrep. For nokre dagar sidan vart t.d. ein sjukebil paa veg fraa Torit til Juba angripen og ein person i ambulansen vart skoten og drepen. Under forsoeket paa aa berga bilen, vart bergingsmannskapet angripne, og endaa ein person drepen. Det vert ogsaa sagt at 10 vart drepne i angrep paa ein minibuss dagen foer. Slik er Soer Sudan i desse dagar, men desse hendingane skapar ikkje eingong overskrifter i media.

Elles har me repatriert flyktningar igjen, og denne gongen var det toeffare enn nokon gong. Sidemannen paa den innhyrde lastebilen vart biten av ein slange, lastebilen braut saman, all bagasjen maatte setjast att i bushen mens flyktningane vart koyrde til naeraste landsby, osv. Kollegane mine og hjelparane sleit og gjorde ein kjempejobb; flyktningar og bagasje er vel framme og alle andre er heile attende i Kapoeta.

Etter krigen slutta i januar 2005 har ikkje berre flyktningar starta aa venda tilbake, ogsaa ville dyr. Sist sundag vart det sett elefantar i Narus, like soer for oss. Fraa tidlegare tider gjekk det eit elefanttrakk gjennom dette omraadet, og no er elefantane paa vei tilbake. Det triste er at folk i omraadet skaut og drap elefantane. Nokre seier at tre elefantar vart drepne, andre seier to. Den eine elefanten var visstnok kjempestor, han oydelag gjerde og avlingar, folk vart redde og skaut. Det er trist, men vonleg vil folk etterkvart forstaa at elefantar ogsaa har ein plass her.

Ingen kommentarer: