tirsdag, februar 05, 2008

Visumregime

For aa gjera ei lang historie kort; eg har paa ein maate vore utestengd fraa Sudan i fire veker fordi eg ikkje hadde sudanesisk visum. Paa fredag fekk eg det etterlengta klistremerket i passet mitt, og i dag koyrde eg inn i landet, for fyrste gong med ’skikkeleg’ visum, og presenterte det for innvandringskontoret paa grensa.

”Kva er dette? Dette er ikkje eit visum! Eit visum skal vara i tre maanader, dette gjeld berre for ein maanad???” Eg proevde aa forklara at kanskje den sudanesiske ambassaden visste kva dei dreiv med og at dette faktisk var eit visum. Eg vart fullstendig ignorert, mens den eine etter den andre fekk stempla passa sine. ”Eg treng berre eit lite innreisestempel”, kviskra eg fraa hjoerna mitt der eg var forvist.

Etter fleire innspel fraa mi side (eg er redd for tolmodet ikkje heldt og at innspela vart meir hoeglydde) triv plutseleg mannen passet mitt, finsiktar to stempel inn paa ei av passidene mine, og braatt har eg tre maanaders visum for SOER Sudan. Kva UD i Khartoum vil seia naar passet mitt skal inn til visumfornying, med to konkurrerande visum utskrivne av to konkurrerande regjeringar i same stat, skal bli spanande aa sjaa!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Link til en annen blogg fra Sudan. En amerikaner som bor i Torit.
http://lovelaceinafrica.blogspot.com/

brita sa...

Eg har erfart at det enklaste er aa ikkje gaa innom, berre passera grensa utan aa gjera for mykje av seg. Dette har gaatt fint fordi eg kjenner dei som jobbar paa grensa. Men no har dei sendt inn mange nye immigrasjonsoffiserar, og dei er svaert saa arrogante. Saa det er nok best aa vera formell og sikra seg dei stempla ein treng. No er passet mitt i Khartoum for aa faa nytt visum igjen, og eg haapar eg faard et tilbake foer eg skal ut paa avspasering. Insh Allah.