onsdag, januar 07, 2009

Godt Nytt Aar

I Turkmenistan, der Islam er den stoerste religionen, er det aarsskiftet som utloyser den store feiringa. Daa eg kom attende til kontoret etter to veker juleferie i Noreg, venta eit hav med nyttaarshelsingar; det meste kort og kalenderar. Men og nokre godsaker som georgisk vin, og dadler fraa U.A.E: Nam,nam!



Dette maa vel seiast aa vera det gjevaste nyttaarskortet, med personleg helsing fraa sjoelvaste presidenten:

Gaaver fekk me og fraa regjeringa, m.a. denne juletrioen, som eg ikkje opplever som saerleg muslimsk. Mangfaldet lever i Turkmenistan, iallefall naar det gjeld dei ytre symbola.


Juletreet paa Huse er no likevel finare, tykkjer eg. For fyrste gong paa lange tider hadde me ikkje brakje (ikkje lett aa faa tak i naar saambuaren reiser til Ghana midt i julefoerebuingane) - men maatte ty til edelgran.
Godt Nytt Aar til alle!

Ingen kommentarer: