onsdag, juni 29, 2011

Montenegro oppdatering

Reisa mi frå Turkmenistan til Montenegro gjekk via ein månads ferie i Noreg, med innlagd omveg via New York (eit lite urbant eventyr i seg sjøl, no ja: lite er kanskje ikkje rette ordet). Frå Bergen reiste eg til Podgorica via Riga og Beograd, tru det eller ei. Det var med andre ord ein mangslungen tur. 2 mai 2011 landa eg i Podgorica og starta gjera byen til min. Podgorica er lett å bli glad i, det er som ein liten landsby der alle tykkjest kjenna kvarandre. Ikkje så rart i eit land med omlag 600,000 innbyggjarar. Eg bur i Masline, oliven-landsbyen, i eit hus i ein hage som er nesten som ein liten fruktgard å rekna. Der veks det fiken, tangariner, granateple, pærer, eple, hasselneter, kastanjer, og fire andre fruktslag som eg ikkje veit kva er. Naboen har druer og dei veks over gjerdet slik at eg kjenner det som ikkje mindre enn rett og  rimeleg at eg skal kunna knipa av nokre druer no og då når dei er mogne. Men kanskje eg bør spørja fyrst...

Ein av dei fyrste dagane på  jobb vitja eg utanriksministeren for å presentera papira mine (to present my credentials, heiter det på fint). Gjennom han, som er ein triveleg mann, vart eg kjend med Henrik Angell, ein offiser frå Sogn som introduserte skisporten til montenegrinarane. Han tok med seg nokre hundre ski frå Noreg og opna den fyrste skiskulen, i 1893. Kvart år skipar montenegrinarane til 'the Henrik Angell Skifestival', som visstnok er sponsa av norsk UD.

Elles er det greitt å vera norsk i Montenegro, og eg brukar skamlaust den norske bakgrunnen min til å gjera eit godt fyrsteinntrykk på ministrane (som er gamle nok til å ha eit tilhøve til Noreg). Det løner seg godt å nemna at statsministeren vår delvis er oppvaksen i Beogard, at far hans gjekk på ski i gatene i Beograd då han jobba der som ung diplomat, serbiske krigsfangar i Noreg under krigen, den djupe venskapen mellom Jugoslavia og Noreg, osb. Og no har eg enno meir å skilta med: Henrik Angell, som verkar vera ein mann som har ein viss likskap med Nansen (som og er eit godt samtaleemne når ein har ein jobb som meg)

1 kommentar:

Kjartan Helleve sa...

Hei

Om du er den Brita Helleland som hadde noko med NMU å gjere på 70-talet, kan ikkje du sende meg ein e-post?
Kjartan.helleve (at) nm.no.