mandag, mai 30, 2005

Kvar er husa?

Eg merkar meg aukande kritikk i utanlandske media mot gjenoppbyggingja i landet. Det skjer lite, og grunnen dei fleste intervju-objekta gjev er den same: byråkratiet. Hovudstaden bestemmer alt. Og om eit vedtak om eit gjenoppbyggingsprosjekt vert gjort, er det langt frå sikkert at det vert gjort kjend for dei det gjeld.I går høyrde eg at ein velkjend verdsomfattande organisasjon hadde planar om husbygging i eit område i Trinco, førebuing var godt i gang i samråd med lokale styresmakter. Men så viste det seg at ein annan organisasjon hadde skrive kontrakt med regjeringa i Colombo om det same området. Mykje ressursar ut vindauga til inga nytte!

Men vert det hus av slikt? Biletet ovom viser situasjonen i eit område sør i distriktet. Teltlivet er diverre ein realitet for svært mange sjølv meir enn fem månader etter at bylgja slo.

torsdag, mai 26, 2005

Buddha med piggtraad

Etter lange og harde tak, med trugsmaal om altomfattande hartal hengande over Trinco og heile nordaust Sri Lanka, vart partane i gaar samde om at rettsavgjerda fraa siste veke skal gjennomfoerast. Det betyr at buddhaen og nokre hindu-tempel, som alle seiest aa vera ulovleg oppfoerde, skal fjernast innan ei veke. Om dette vil bli gjort utan meir ufred, er det store spoersmaalet. Hundrevis av familiar har forlete byen, eller har flytta til vener og kjende i stroek som dei trur er trygge. Born gaar ikkje paa skulen, mange held seg borte fraa jobben, og inn-boksen min er full av e-postar om avlyste moete. I mellomtida har buddhaen faatt piggtraadgjerde og skyteposisjonar rundt seg, og spesialstyrkar fraa haeren til aa passa seg. Gandhi-statua ved det gamle universitetsomraadet var det derimot ingen som passa paa. No er ho borte, fullstendig smadra etter at hovudet fyrst vart slaatt av.

tirsdag, mai 24, 2005

Vesak

Det er Vesak Poya, buddhistane sin viktigaste fullmånedag gjennom heile året. Vesak markerer "Buddha's birth, enlightment, and passing away" (mitt norske buddistiske ordtilfang er for svakt til å omsetja enlightment), og legg vekt på å fremja fred, harmoni og forståing mellom alle menneske. I Trincomalee vert harmonien ivareteken av tusen elitesoldatar og politi som er bussa inn for å sikra folkefest utan granatkasting og slåssing med machete. Høge herrar frå hovudstaden har vore her for å mekla, og hartalen er følgjeleg avlyst i fire dagar mens presidenten tenkjer på å finna ei løysing på spørsmålet om den ulovleg oppførde buddha-statua (som er eit symbol på djupare problem og ikkje problemet i seg sjølv).

I går kveld var det ustilling av vesak-lampar i byen, og me gjekk for å sjå. Dei flottaste lampane er laga av politi, hær og marine. Full kroppsvisitering for å koma inn på området der marinen hadde sett opp sine artisiske lampar, som er fulle av buddistisk symbolikk. Fascinerande å sjå at soldatar og offiserar må ha brukt dagar og veker på å konstruera sirlege papirlampar med intrikate papirklipp-dekorasjonar som liknar på blonder og kniplingar. Trist å sjå at lampane må vernast med maskingevær.

fredag, mai 20, 2005

Hartal, fjerde dag

og dette ser ikkje ut til å ta slutt. Buddhaen sit framleis framfor klokketårnet, framfor han ein munk med bensinflaske og fyrstikker klar om nokon skulle prøva å flytta statua. Innimellom slengjer nokon ein granat eller to mot ein butikk eller ein bil, mens andre brukar skytevåpen eller kniv. Det er spent, mange har reist frå byen, inkludert mange hjelpearbeidarar. Me byrjar å verta bekymra for om dei som bur i leirane får mat og drikkevatn. Sjølv har me eit lager og klarer oss rimeleg bra. Men turen til Colombo i helga, bryllaupsfest på Transasia og kjøpefest på supermarknaden, vert avlyst. Korleis kan me reisa i denne situasjonen? Det sender ut feil signal, og me vil ikkje bidra til den gryande panikken me merkar mellom folk i dag. Så her sit me i Channel Lane, med satelitt-telefon, radio og landkruser på standby, klare for ei lang helg...

tirsdag, mai 17, 2005

Syttende mai i Trincomalee

starta med ein granat mot den nye buddha-statua som nokon hadde plassert framfor torget sist natt, heldt fram med ein ny granat paa fisketorget i dag tidleg og seinare med sprenging av ein handgranat ved kyrkjegarden. Mykje salutt med andre ord! Men absolutt ingen grunn til aa gaa i syttendemaitog her idag, det er hartal og situasjonen er spent.